[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsinfo

Fantastisk bidrag frå SPN

Forfatter: Styret VG

29. mai 2026

News article image

Stor støtte til Voss Grappling frå Sparebanken Norge


Voss Grappling har igjen fått viktig støtte frå Sparebanken Norge. Denne veka mottok klubben ein gavesjekk på 40.000 kroner – eit bidrag som betyr mykje for det vidare arbeidet med å utvikle klubben og skapa eit godt aktivitetstilbod for både born, ungdom og vaksne på Voss.

På biletet ser vi frå venstre styremedlem Thomas Ringheim-Bakka, Magnus Tveit frå Sparebanken Norge – elegant opp ned – og styreleiar Sverre Hjørnevik.

Dette er andre gong Sparebanken Norge støttar klubben. Førre gong fekk Voss Grappling heile 100.000 kroner i støtte, noko som gav eit stort løft til satsinga og vidare utvikling av miljøet rundt klubben.

– Me er utruleg takksame for at Sparebanken Norge ser verdien i arbeidet me gjer. Slike bidrag betyr mykje for ein klubb som ønskjer å skapa eit inkluderande, trygt og aktivt miljø for alle som vil driva med grappling og kampsport på Voss, seier styret i Voss Grappling.

Støtta vil bidra til vidare utvikling av treningstilbodet, utstyr, aktivitetar og arrangement i klubben framover.

Voss Grappling ønskjer å retta ein stor takk til Sparebanken Norge for tilliten og støtta.